Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:
Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.
15.11.2012
Med dette systemet kan ein doble avlingane frå om lag eit tonn per da til to til fire tonn per da.
Med dette systemet kan ein doble avlingane frå om lag eit tonn per da til to til fire tonn per da.
Systemet er lønsamt, trass i høgare investeringskostnader, arealet vert og utnytta betre, då avlingane vert både høgare, jamnare og betre.
Spindeltreet er skifta ut med ei slankare , høgare treform. Trea vert planta tettare, 0,8 - 0,9m x 3,5m er vanleg på eple og pære. Dei nye avstandane må tilpassast etter fruktslag, kva sort ein dyrkar og tilhøva på kvar enkelt gard.
Det nye plantesystemet kan nyttast både på plommer /moreller og eple/pærer, planteavstandane varierer noko.