Dyrk Smart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein "Kick-start" i dei nye dyrkingsmetodane:

Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal, er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Dyrkingsmetodane høver og godt til ØKOLOGISK dyrking.
- Og metoden gjev vesentleg større inntekt enn tradisjonell fruktdyrking.

Slik gjer du det godt som fruktbonde i Hardanger

Dobla avling

Med dette systemet kan ein doble avlingane frå om lag eit tonn per da til to til fire tonn per da.

Les meir om dyrkingsmetoden her

Ny pæresort CELINA

gjev god avling (ca 2 tonn pr. dekar) med høg kvalitet, og ho held seg godt om den vert hausta i rett tid.

Les meir om den nye pæresorten her

Du kan hausta 2.-3. året etter planting

Ved etablering av nye felt er det ei klar tilråding å berre planta greina tre (2 årige planter).

Les meir om bestilling av nye tre her

Kurs og oppfylging

Hjeltnes vidaregåande skule tilbyr kurs/fagdagar for frukt- og bærdyrkarar.

Les meir om kurstilboda her

DyrkSmart er avslutta

Prosjektet er no gjennomført innanfor budsjettert kostnadsråme på NOK 4 461 000 og med alle aktivitetar gjennomført og alle delmål på plass. Prosjektet trong 4 månader utover planlagd tidsråme for å verta ferdig med alle aktivitetar.

Fullstendig sluttrapport finn du under Arkiv (toppmenyen).

Les meir »

Profesjonelle arbeidslag

Fruktlagera har ofte (og aukande) etterspurnad etter arbeidshjelp til arbeidsoppgåve i samband med fruktproduksjon og vurderer om ein skal tilby sal av denne type tenester .

Les meir »

Studietur økologisk frukt - frå vest til aust

Studietur for økologiske og konvensjonelle fruktprodusentar for å la seg inspirere og auke kunnskapen sin. Deltakarane vil møte etablerte økologiske fruktdyrkarar i ulike fruktdistrikt i Noreg.

Les meir »